You never know what you gonna get
_____________________________________
Hei alle saman!
NÅ er det lenge sidan eg har tatt turen innom her ja kan du sei.
STORE endringar vil skje i framtida her, og eg har masse GODE nyheiter :):)
Masse har skjedd på godt og på vondt
Kan hende du allereie veit...
Det er rart korleis livet kan endra seg , frå det ein trudde var livsplanen til kjepper i hjula og vel så det.
Det har vore som ein berg og dalbane - med hastigheita som også fyljer med;)
Akkurat no er livet utruleg fantastisk...
Det er ikkje mykje personleg eg har valgt å leggje ut på bloggen, både på grunn av å verne meg sjølv, meg også dei som eg er rundt. Dei eg er glad i....
Eg har bestemt meg for å flytte frå draumehuset
Huset som har betydd alt for meg
Huset som virkeleg fekk satt sving i min lidenskap : Det antikke og unike...
Om det blir salg eller utlån av det veit eg ikkje.
Det eg veit er at huset fortjener nokon som har tid til å stelle med det.
Mitt fine vakre hus....
Ja då er det sagt - no er det planlegging av Loppemarknaden i Åseral.
Det blir Loppemarknad i løpet av april - så det er bare å byrja å samla!!!!
Eg har i tillegg tenkt å ha Antikk ("garasje") sal her på Bjørkhaug helga før loppisen, Har såååååååååå mykje ting og tang som aaaaldri eg hadde fått plass på den nye staden..
Så her kan ein gjere verkjelege kupp!
Meir informasjon kjem etter kvart:)
Tusen takk for alle dei koselege kommentarane her på bloggen, alle mine lesarar har betydd mykje for meg og eg veit at det er mange som er innom dagleg for å sjå korleis det står til.
Utruleg moro!
Eg vil seff leggja ut masse bilete og informasjon her på blogg om planlegging og gjennomføring av antikk sal og loppis;)
Så her er det bare å følge med;)
LOVE YOU GUYS!